Verdas største plug-in hybrid skip tek form
Bygginga av M/S Color Hybrid nådde ein viktig milepæl i dag, mandag 16. april. Då starta monteringa av dei i alt 14 store modulane ved verftet Crist i Gdynia i Polen. Skipet er kontrahert ved Ulstein Verft og skroget vert taua til Ulsteinvik i oktober, der det vil bli ferdigstilt for levering i mai neste år.
Samansetninga av dei første modulane utgjer ein viktig milepæl i bygginga av skipet, og blei markert med den tradisjonelle «lucky coin»-seremonien. – Vi gler oss til skroget kjem til Ulstein Verft i oktober, sa konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein. Konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line la vekt på miljø og berekraft i sin tale; - Hybridteknologien og andre miljøløysingar om bord i Color Hybrid vil bidra til å redusere støy og utslepp av miljøskadelege gassar til eit minimum.
Miljø er ein akselerator for Color Line. Selskapet har blant anna installert landstraumanlegg i alle sine norske hamner; Oslo, Larvik, Kristiansand og Sandefjord. Anlegget i Sandefjord vil også bli brukt til lading av batteria om bord på Color Hybrid.
M/S Color Hybrid blir bygd til Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og vil få norsk bemanning. - Forutseibare og internasjonalt konkurransedyktige rammevilkår har vore avgjerande for beslutninga om å bygge verdas største plug-in hybridskip, og rammevilkåra muliggjer også framtidige investeringar frå ein norsk ståstad i nye skip og innovative, miljøvennlege maritime løysingar, seier Trond Kleivdal.
Color Line er det einaste norske rederiet i den internasjonale passasjertrafikken frå og til Noreg med skip i norsk register, norsk hovudkontor og med norsk eigarskap.
Skipet vil vere 160 meter langt, og ha ein kapasitet på 2 000 passasjerar og ca 500 bilar. Skipet vil gi betydeleg auka kapasitet på strekninga mellom Noreg og Sverige, og vil representere eit utvida og forbedra servicetilbod om bord og dermed ei ny og bedre reiseoppleving.
Det miljøvennlege skipet blir verdas største plug-in hybridskip, og vil bli sett inn i trafikk på strekninga Sandefjord – Strømstad til høgsesongen 2019.
Oppdatering juni 2018:
Slik vert verdas største plug-in hybridskip bygd: Blokk 2 til 5 vert her løfta på plass i dokka på verftet.
RoPax-fartøy
Skipsdesign og konstruksjonPlease contact us for more information