Kick-off for havvindskip

Published


Brennestart på byggnummer 315, det neste havvindskipet for Bernhard Schulte, vart utført 10. september 2018. Brennestart vert rekna som oppstarten av eit nybyggingsprosjekt. Skipet er eit 'Service Operation Vessel' (SOV) av SX195-designet frå Ulstein, og skal jobbe for GE Renewable Energy.

Steel cutting of the yard number 315, the next SOV for Bernhard Schulte.
Steel cutting of the yard number 315, the next SOV for Bernhard Schulte.

SOV-skipet er kontrahert til å støtte vedlikehaldsarbeid som vert utført av GE Renewable Energy ved havvindfarmen Merkur Offshore.

Skipet er det tredje SOV-fartøyet frå Ulstein til Bernhard Schulte. Basert på SX195-designet, er dette ein forlenga versjon av dei to første fartøya. Meir om skipet.

X-STERN

Utstyrt med X-STERN®, vil skipet ha ein fordel i sitt daglege arbeid, slik the første X-STERN-skipet, Windea La Cour, også eigd av Bernhard Schulte, har erfart:
- Med X-STERN kan skipet gå raskt og effektivt også akterover. Det gjer at skipet kan velje den raskaste vegen til neste vindturbin, anten det går med hekken eller baugen først. I løpet av det første året i arbeid, stetta X-STERN alle forventingar, og det er fantastisk å sjå korleis skipet går attover i dårleg ver utan at vi får slag i skipet eller sjøsprøyt på dekk.

På SMM 2018-messa gjorde DNV GL avtale med Bernhard Schulte og Ulstein om det neste SOV-skipet.
På SMM 2018-messa gjorde DNV GL avtale med Bernhard Schulte og Ulstein om det neste SOV-skipet.