Island Constructor 10 år

Published

Island Constructor blei bygd i 2008, og ligg for tida på Ulstein Verft for å få tilpassa modulhandteringstårnet innan oppstart av årets arbeid. Skipet er no ti år, men både på innsida og utsida ser det ut som om det nyleg vart levert. Mannskapet er svært opptekne av miljøet om bord, og tek godt vare på sin andre heim.

Chief Rune Antonsen og LWI supervisor Ottar Jørgensen i maskinromet.

Reiarlaget vart ved leveringa i 2008 intervjua om det nye tilskotet til flåten, og mannskapssjef Guri Lillebø Sætre sa då dette:

- Mange som kjem om bord på skipa våre kommenterer kor velhalde alt er, og vi er stolte av å kunne svare at vi har folk som tek vare på det dei har rundt seg. Når vi skal velje ut eit mannskap freistar vi å få til ein variasjon av alder og erfaring. Det er med på å skape godt miljø om bord.

Innreiinga på brønnintervensjonsfartøyet er basert på ein helheitleg tankegang og ein høgkvalitets designprofil. Plass-sparande tiltak og fokus på innreiing er med på å fremje velvere, komfort og sikkerheit.

Eitt av fleire dagrom på Island Constructor.

Høg kvalitet levert på tid
Då Island Offshore skreiv kontrakt med Ulstein Verft om å bygge dette fartøyet, ga det store ringverknader i den maritime klynga på Sunnmøre. Kring 200 store og små leverandørar var involverte, meir enn 50 av dei er lokaliserte i regionen. Motorar, dieselelektriske system, vinsjar, møblar, ja sjølv toaletta, vart leverte lokalt. Reiarlaget valte Ulstein Verft fordi dei visste dei ville få toppkvalitets levering til avtalt tid, og dei lokale leverandørane blei valte av same grunn.

Messa er strøken.

Overalt om bord ser ein den same ryddigheita og høge standarden på interiøret, frå maskinromet, til messa, dagroma, og heilt opp til brua. Stolane og sofaene i opphaldsroma greier fint ti nye år, og stolane og borda i messa ser ut som dei knapt er brukte. Den mest synlege slitasjen om bord er setet på romaskina i trimromet!

- Det er beviset på at vi likar å halde oss i form, seier dekkssjefen Ottar Jørgensen, og ler godt.

Eit unikt mannskap
Ottar har vore på Island Constructor i ni år. - Vi har eit veldig stabilt mannskap, fleire av oss har vore her heilt frå skipet vart levert, og dei fleste har vore her i mange år. Eg trivst med å jobbe her, dette mannskapet er unikt, og alle er opptekne av å halde fartøyet vedlike. Atmosfæren er svært inkluderande, noko som alle som kjem om bord merkar, og det inneber også at alle blir bedne om å bidra til å halde fartøyet reint og ryddig. Ingen brukar kjeledress i innreiinga, og alle brukar tøfler eller blå plastovertrekk utanpå skorne. Vi får tilbakemeldingar om at alle set pris på å vere på eit fartøy der det vert sett slike standardar.

Førebur seg til sesongen
Den same haldninga til å halde skipet plettfritt ser ein også på brua, men kaptein Bjørnar Fløysand orsakar alt rotet, og peikar på eit bord der det ligg nokre papir ut over. – Du skjønar, vi førebur sesongen, og har mykje papirarbeid vi må gjere.

The captain on the bridge, the only interior area in which work overalls are accepted.
Kapteinen på brua, det einaste inneområdet på denne båten der det er godteke å ha på overall.

Fartøyet opererer i prosjektmarknaden både på norsk og britisk sokkel. – Skipet er svært fleksibelt. Vi er rusta til å ta på oss fleire typar oppdrag, mellom anna kan vi gjere toppholsboring på djupare vatn ned til 1100 meter. Det å arbeide for fleire ulike oppdragsgjevarar held oss skjerpa og oppdaterte, alltid. Vi er eit flott lag, seier kapteinen.

Høg komfortklasse
I 2008 vart Island Constructor kåra til Årets Skip av Offshore Support Journal (OSJ). Skipet har høg komfortklasse, (C3)(V3), og då OSJ var med på prøveturen, kunne dei konstatere at fartøyet er svært stillegåande. Magasinet rapporterte at det i stille sjø var vanskeleg å vite, ut frå støy og vibrasjonsnivåa, at skipet i det heile tatt var i rørsle.