Feira kjølstrekk for ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Endurance

Published


Med markeringa av kjølstrekken på sitt første polare nybygg 17. mars 2018, annonserte Lindblad Holdings også namnet på det nye ekspedisjonscruiseskipet. Fartøyet ‘National Geographic Endurance’ er designa av Ulstein, og skroget skal ferdigstillast ved Ulstein Verft.

- Lindblad Holdings, Inc., ein global leverandør av ekspedisjonscruisereiser, og Ulstein Group, skipsdesignar og skipsbyggar, feira i dag kjøllegginga av Lindblad sitt første polare nybygg på verftet Crist i Polen. Kjølstrekken er ein stor milepæl i konstruksjonen av dette sofistikerte ekspedisjonsskipet, og det nyaste tilskotet til Lindblad-National geographic-flåten fekk samtidig sitt offisielle namn.

- Vi er glade for å kunngjere namnet på vårt nye polarskip, ‘National Geographic Endurance’, som skal leverast i første kvartal 2020, sa Sven Lindblad, konsernsjef i Lindblad Expeditions. – Namnet skal heidre Ernest Shackleton, som var ein velkjend oppdagingsreisande for Lindblad Expeditions. Skipet er langt framme på det tekniske området og kjem til å opne moglegheiter for at dei reisande kan kome seg lengre enn det som er rekkevidda til nokon nyare skip.

- Med polarklasse 5, kan skipet utforske polarområda til alle årstider, noko som utvidar aktiviteten vår, heldt Lindblad fram.

Som del av seremonien vart det på tradisjonsrikt vis lagt ned myntar. Ein minnesmynt av sølv var laga til, denne har innrissa namn på skipet, og med ein isbjørn og pingvin på kvar side for å markere at dette er dei to polane skipet skal reise til. Inngravert er også teksta: To Explore and Understand the World. Sven la også ned lykkemynten til den ikoniske Lindblad-naturforskaren Tom Ritchie, ein Maria Theresa-thaler frå 1780.

- Det er svært kjekt å få vere vitne til denne viktige milepælen for Lindblad Expeditions-National Geographic sitt nye ekspedisjonsfartøy. Vi ser fram til at skroget skal kome til Ulstein Verft for ferdigstillinga av dette innovative fartøyet, seier Gunvor Ulstein.

Det toppmoderne polarskipet har plass til 126 passasjerar, og er designa som det fremste innan ekspedisjonsplattformer. Det er sterk fokus på sikkerheit og komfort, og nyskapande berekraftige løysingar er innlemma i skipet for å redusere miljøpåverknaden. Ein kjernefunksjon er Ulstein sin designsignatur, X-BOW®, ein karakteristisk baug som syter for drivstoffeffektivitet, samtidig som det forbetrar komforten for dei reisande i grov sjø. Den høge isklassa gjer at skipet kan gå langt inn i dei polare områda. Skipet sina utvida tankar for drivstoff og ferskvatn syter for utvida drift i avsidesliggande område; medan nullhastigheitsstabilisatorane sikrar stabilitet, både ved null hastigheit og ved full fart framover.

Please contact us for more information

Contacts

Companies