Windea Leibniz nominert til Ship of the Year

Published

Windea Leibniz, eit serviceskip til offshorevindindustrien, er nominert til Årets Skip 2017. Skipet har som hovudoppgåve å frakte serviceteknikarar og utstyr frå land og ut til vindfarmar offshore.

'Windea Leibniz' er eit Service Operation Vessel (SOV-skip) av ULSTEIN SX175-design og vart levert frå Ulstein Verft i februar 2017. Etter at skipet har komt ut til vindfarmen, skal det gå mellom vindturbinar og sette av og hente teknikarar på dei ulike turbinane. Når eit skip ligg ved éin turbin og skal vidare til neste, viser operasjonelle tal blant eksisterande SOV-skip at skipa går med hekken først i opp mot 75 prosent av tida.

SOV-eigarane gir ulike forklaringar på kvifor dei vel å operere skipa på denne måten:

  • Det gir betre oversikt over skipet si posisjonering, då gangvegen, vindturbinen og skipssida kan bli observert frå brua
  • Det er mest kraft installert i bakenden på skipet, noko som gjer at det lettare kan halde posisjonen
  • Skipet treng ikkje snu seg rundt før det skal vidare til neste turbin, noko som sparer inn på manøvreringstid mellom turbinane

X-STERN®
Windea Leibniz er utstyrt med hekkløysinga ULSTEIN X-STERN®. Denne bidreg til at skipet kan ligge tett attmed offshorevindfarmstrukturar, uavhengig av vind- eller bølgjeretning, eller kvar skipet skal vidare. X-STERN er ei vidareføring av forskipsdesignet X-BOW®, og begge er utvikla ut frå Ulstein si lange erfaring innan å designe for offshoreindustrien.

Ei vertikal hekkplate (transomplate) vil skape slag når skipet går attover eller når skipet er posisjonert med hekken mot bølgjer, vind og straum. X-STERN er derimot ei spiss endeutforming som bøyer av innover. Dette er med på å forbetre offshorevindfarm-service og vedlikehald, då det aukar fleksibiliteten og effektiviteten til skipet. X-STERN forbetrar også komforten for mannskap og passasjerar, og aukar operabiliteten gjennom positiv effekt på sjøeigenskapar, bølgjerespons og sikkerheit ved tøffe forhold. Det opererer med redusert kraft- og drivstofforbruk medan det ligg på posisjon.

Held oppe fart ved bakking utan at komfort vert redusert
Eit fartøy med X-STERN kan halde tilnærma like høg fart akterover som framover utan at det oppstår slag og vibrasjonar. Søsterskipet ‘Windea La Cour’ viste på sin prøvetur at det kunne køyre med 12,1 knop akterover, berre 1,8 knop mindre enn maksimal fart framover. Kapteinen kommenterte på prøveturen skipet sine mjuke rørsler og dei svært låge støy- og vibrasjonsnivåa om bord.

BS Offshore gir denne tilbakemeldinga etter å ha hatt 'Windea La Cour' i arbeid i tolv månader:

"X-STERN er ein stor fordel i det daglege arbeidet. Sidan det gjer skipet i stand til å gå raskt og effektivt bakover, kan skipet velje den raskaste vegen til neste turbin anten det går med baugen eller hekken først. I løpet av dette første året har X-STERN stetta alle forventningane våre og det er fantastisk å sjå eit fartøy som går bakover i dårleg vêr utan slamming eller spray på dekk."

Det er ein jury utpeikt av det maritime tidsskriftet Skipsrevyen som står bak kåringa. Vinnaren vart kåra på opninga av Nor-Shipping-messa 30. mai 2017, og vart kabelleggarskipet NKT Victoria.

Please contact us for more information

Companies