Statsminister Erna Solberg besøkte Ulstein

Published


Statsminister Erna Solberg er denne veka på Sunnmøre, og tysdag 14. februar tok ho sjøvegen til Ulstein. Solberg fekk omvising på ein offshorevindbåt, eit godt eksempel på omstillingsevna til den maritime klynga.

Solberg kom til Ulstein med redningsskøyta ‘RS Idar Ulstein’. Ho vart ønskt velkomen av konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein i Ulstein Group.

Erna Solberg fekk omvising på byggnummer 310, systerskipet til ‘ Windea La Cour’, som sist veke vart tildelt miljøprisen Offshore Renewables Award. Skipet skal arbeide for Siemens Wind Power på offshorevindparkar utanfor Tyskland, og er eit godt døme på korleis dei maritime bedriftene har greidd å snu seg rundt i kjølvatnet av ordretørken på olje og gass. Offshorevind er ei aukande næring, både fordi vinden utaskjers bles sterkare og jamnare enn vinden på land, men også fordi mange land har underskrive avtalar som gjer at dei i endå større grad skal nytte fornybare energikjelder. Ulstein har nettopp fått kontrakt på ytterlegare eitt offshorevindskip til ein ny kunde, samtidig som Ulstein nyleg lanserte eit heilt nytt design innan jack-up-skip, som er skip nytta til installasjonsfasen av offshorevindparkar. Selskapet har også fått fotfeste innan passasjertrafikk, med ombygging av eit cruiseskip, nybyggingskontrakt på ein yacht og ein intensjonsavtale på verdas største hybridferje.

Besøket vart avslutta med eit dialogmøte mellom bedrifter i den maritime klynga.