Nybygg med høg kapasitet

Published

Island Venture er eit fleksibelt fartøy der miljø og sikkerheit har vore viktige kriteria i utviklinga. Førebudd for brønnoperasjonar, kan skipet utføre oppdrag som brønnintervensjon med eller utan stigerør, boreoperasjonar og handtering av brønnvæsker.

Island Venture vart teikna om i anleggsfasen, og har no ei samla lengd på 159,8 meter, ei breidd på 30 meter og dødvekt på 14 257 tonn, og det har plass til 239 personar.

Utstyr
Utstyrt med ei aktiv hivkompensert (AHC) offshore pidestallskran med 400 tonns kapasitet ved inntil 19 meter utstrekk, har skipet ei maksimal arbeidsdjupne på 4000 meter. I tillegg har skipet ei mindre, AHC offshore pidestallskran med kapasitet på 140 tonn, fleire mindre dekkskraner og eit dekksintegrert skinnesystem i lengderetninga av skipet, med ein lastekapasitet på 100 tonn for kvar transportpall. Frå hovudmoonpoolen og forover kan systemet tole 200 tonns last på ein pall. Moonpoolen er utstyrt med ei hengsla luke som toler ei last på 450 tonn.

Moonpoolar
Hovudmoonpoolen har ei netto opning på 11,2 x 12,0 meter, og er éin av dei største moonpoolane på OCV-skip. Med eit neddykka volum på 1800 kubikkmeter tilsvarar det dødvekta til eit lite plattformforsyningsskip. Området kring moonpoolen er førebudd for seinare montering av eit modulhandteringstårn. Skipet har også to separate moonpoolar, kvar på 50 kvadratmeter, for å sette ut to arbeids-ROV-ar (miniubåtar) som kan jobbe ned til 4000 meter. Desse moonpoolane ligg i ein hangar langs senterlinja av fartøyet for å gi minst mogleg rørsle og høgast mogleg operabilitet.

Redundans
Tre separate maskinrom gir eineståande driftssikkerheit. Skipet er konstruert med tre separate redun-danssoner i samsvar med dynamisk posisjonering klasse 3 (DP3). Kvar sone er konstant tilgjengeleg, og er bygd med intern systemredundans. Dersom ein feil oppstår og eitt av maskinromma går ut av drift, vil fartøyet framleis ha to tredelar av driftskapasiteten, og fartøyet kan halde fram med å arbeide i DP3.

Kapasitetar
Skipet har omfattande kapasitet for lagring og handtering av flytande og faste stoff under dekk, og ein imponerande kapasitet på om lag 9000 tonn dekkslast. Hovuddekksarealet akter for hangar utgjer 2250 kvadratmeter.

Helse, miljø og sikkerheit
Fartøyet er bygd og utstyrt i samsvar med SPS-koden for spesialfartøy, med lugarplass for 239 personar. Livredningsutstyr for alle om bord er installert på kvar side av skipet. Innreiinga er laga av brannhemmande materialar og er på linje med krava i MOU-koden (Mobile Offshore Unit). Skroglinjedesignet X-BOW®, flytande golv på alle fem lugardekka og stillegåande propellar i baugen sikrar låge støy- og vibrasjonsnivå. Det er òg installert sikkerheitssystem som sikrar overtrykk i buområda, brannsløkking, gassoppdaging og naudavstenging. Skipet tilfredsstiller dei høgaste standardar for energibruk og utslepp. Dette femner mellom anna om oppsettet av operasjonssystem, effektive systemløysingar og utstyr, og NOx-katalysatorar for alle forbrenningsmotorane inkludert hamne- og naudaggregata. DP-systemet har godkjent ‘Closed Bus’-drift i DP3-modus for å utnytte energieffektiviteten og redusere forbruk og utslepp.

Please contact us for more information

Companies

Contacts