Konstruksjonsarbeidet på Acta Marine sitt offshorevindskip er i gong på Ulstein Verft
Published
Skroget til Acta Marine sitt nybygg, Acta Auriga, har kome fram til Ulstein Verft. Skipet er av ULSTEIN SX195-design, og skipstypen er eit konstruksjonsstøttefartøy til bruk i havvindindustrien. I løpet av dei komande månadene skal skipet bli utrusta og innreidd, testa og prøvekøyrd.
Fartøyet skal no ferdigstillast og SMST sitt oppdragsutstyr, rørslekompensert gangbru og 3D-kran vil bli montert på skipet.
Etter at skipet er levert, ved utgangen av første kvartal 2018, skal ACTA AURIGA slå følgje med ACTA ORION, som er det andre fartøyet i Acta sin flåte som er dedikert til walk-to-work, offshorelogistikktenester og innkvartering innan offshore fornybar og offshore energibransjen.
Kjenneteikn ved Acta Auriga:
• Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til Hs 3,0 meter
• 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lasthandtering i sjøforhold opp til Hs 2,5 meter
• Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN®for arbeid ved ugunstige verforhold
• Toppmoderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar
• 1 000 m2 dekkplass for lastlagring
Acta Marine har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familieeigde selskapet starta opp i 1970 og opererer globalt i eit breitt spekter av maritime område.
Ulstein Group er eit familiedrive selskap etablert i 1917, og er spesialisert på skipdesign, skipsbygging, system og tenester for den maritime marknaden. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik. Ulstein Verft har levert meir enn 300 fartøy, og Ulstein Design & Solutions meir enn 100 design for fartøy med skrogforma X-BOW. Acta Auriga har også den nyutvikla hekkforma X-STERN, ein designkarakteristikk som aukar operasjonell fleksibilitet, reduserer drivstofforbruket og gir betre sikkerheit for mannskap og utstyr.