Første steinleggingsskip frå AVIC

Published

Det første av to steininstallasjons-fartøy til Jan De Nul Group, bygd på AVIC Weihai i Kina, blei levert 29. juni 2017. Ulstein Power & Control har levert kraftpakka, automasjonssystem, DP-system, styring og igangkjøring av fartøy. Ulstein Electrical Technology har utført prekommisjonering.

Fleirfunksjonsfartøyet Adhémar de Saint-Venant er eit DP2-skip for grøfting og offshoresupport, samtidig som det fungerer som eit subsea steinleggingsskip. Skipet kan installere om lag 5100 tonn stein i éi enkelt last og tek då i bruk gravemaskin, transportband og fallrør for presis steindumping ned til djupner på opp til 600 meter. Steinen kan òg leggast gjennom eit skråttliggande fallrør, som gir sikker installasjon inn mot offshore-konstruksjonar, mellom anna installasjonar for offshorevind.

Skipet vart levert berre 4,5 månader etter sjøsettinga:

"Ulstein sitt team på staden gjer at kommunikasjonen mellom byggeverftet, reiaren og Ulstein Power & Control (som leverte elektroleveransane) går smidig. Prekommisjoneringa, utført av Ulstein, gjorde at vi kunne gjennomføre prøvetur berre fire månader etter sjøsettinga, noko vi er svært stolte av. Ein avtale om prekommisjonering med Ulstein er verdt pengane!"
Dylan Xu, prosjektleiar i byggjeverftet AVIC Weihai

Det var Ulstein Electrical Technology Co. Ltd (UET) som utførte prekommisjoneringa. Selskapet har vore godt etablert i Ningbo i Kina i fleire år. - Elektrikarane våre utfører prekommisjonering på mange ulike verft i Kina, av dei siste prosjekta har vore på PSV-fartøy på verfta Wuchang, SWS og ROC, seier dagleg leiar Stig Hjelvik.

Arbeidet på steininstallasjonsskipa innebar kabling og tilkobling av utstyr, både utstyr frå Ulstein og frå andre leverandørar.

Kraftpakka

Kraftpakka er sett saman av generatorar, tavler, motorstyringssentral, thrusterfrekvensomformarar og motorar. Automasjonssystemet er av typen ULSTEIN IAS som er utvikla av Ulstein.

Ulstein Power & Control har solid kompetanse innan offshore-segmentet, og med denne kontrakten gjekk selskapet inn på eit nytt segment.

Systemintegrasjon
Ved samansettinga av elektropakken var det viktig med best mogleg systemintegrasjon mellom ulike produkt og system.

- Løysingane og produkta i systemleveransen må vere pålitelege og kostnadseffektive og eit godt miljøval, seier administrerande direktør Gunnar H. Hide i Ulstein Power & Control.

- Vi vann denne kontrakten ut frå ei totalvurdering som inkluderer prisen, leveringstida, funksjonaliteten og systemkvaliteten. Det greidde vi med ein felles innsats frå hovudkontoret vårt i Noreg og kontoret vårt i Kina.

Jan De Nul Group har hovudkontor i Luxemburg. Selskapet har spesialisert seg på mudring og maritime konstruksjonsaktivitetar, og tilbyr spesialiserte tenester for offshoreindustrien innan områda olje, gass og fornybar energi.

AVIC Weihai Shipyard Co Ltd er basert i Shandong-provinsen i Kina. Verftet vart etablert i 1951 og starta å bygge skip for den internasjonale marknaden i 1998. AVIC International har vore hovudaksjonær sidan 2011.

Ulstein Group er ei gruppe maritime selskap som spesialiserer seg innan skipsdesign og maritime løysingar, skipsbygging, kraft og kontroll og shipping.

Please contact us for more information

Companies

Contacts