Om artistane

Published

Då er alle artistane som skal fylle Dokkhallen med energi klare! Det vert eit stjernespekka show med Ulstein mannskor, saksofonisten Webjørn Sæther, trommisen Bendik Hustadnes, for ikkje å gløyme duoen Madcon, songstjerna Sigrid og rapparen Cezinando! Og det heile vert losa i hamn av konferansier Thomas Numme.

CEZINANDO

Trass sin unge alder har 22 år gamle Kristoffer Cezinando utmerka seg på den norske hiphop-scena alt i fleire år. Ei samla musikkpresse og ein stadig veksande fanskare har applaudert det unike musikalske universet hans. Han skil seg ut – både i tekst, melodi og karakter. I november 2016 vann han prisen for Årets nykomar på P3 Gull, medan han tidlegare på året vann Urørt-finalen.

Cezinando har markert seg som ein eineståande liveartist med sine eksplosive liveshow. Han blir dessutan omtalt som ein sann diktar – noko som ga resultat på Spellemannsprisutdelinga i 2016 då han tok heim prisen som Årets tekstforfattar.

I 2017 slapp han singelen 'Håper du har plass' som fekk strålande mottaking. Låta har allereie vorte streama til platina, og er framleis ei av dei mest streama låtene på Spotify. 2. juni slapp han oppfølgaren 'Vi er perfekt men verden er ikke det' –igjen til strålande kritikkar.

MADCON

Sjarmtrolla frå Madcon vert også å finne på jubileumsfesten vår 2. september!
Tshawe og Yosef i Madcon har markert seg på fleire internasjonale streaminglister med låter som 'Beggin'', 'Don’t Worry' og 'Glow'. Duoen er også kjende fjes for mange ettersom dei har vore programleiarar og deltakar i ymse underholdningsprogram.

Dei har vunne seks spellemannsprisar, og eitt album og fleire singlar selde til platina. I mai 2010 stod Madcon for pauseinnslaget 'Glow' under Melodi Grand Prix på Telenor Arena. Samtidig som dei song, vart det vist filmar frå ulike stader i Europa der store folkemengder dansa til denne melodien.

SIGRID

Popkometen Sigrid frå Ålesund har hausta ekstremt gode kritikkar for singelen «Don’t kill my vibe», ho er også aktuell som Apple music sin ‘Up next’ artist verda over. Singelen "Plot Twist" har også fått fart på seg etter at Sigrid har opptrådd på fleire store festivalar som Roskilde og Glastonbury denne sommaren.

Eksportorganisasjonen Music Norway har også fått augene opp for Sigrid, og trur ho har det som skal til for å "breake" den amerikanske marknaden. I løpet av hausten vil ho gjere fleire konsertar i USA. Sigrid er spådd ei stor internasjonal karriere på pop-scena, og du er velkomen til å sjå henne på vår scene 2. september!


WEBJØRN SÆTHER - BENDIK HUSTADNES - ULSTEIN MANNSKOR

Vi byr på eit utvalt knippe av lokale artistar, som er heilt særeigne på kvar sitt vis.

Ulstein mannskor opptrer ofte med såkalla 'shanties' - sjømannsviser - men har eit repertoar som også femner om det høgtidelege, det sakrale, det sunnmørske, og det humoristiske. Kva for nokre av desse sjangrane vi får stifte kjennskap med på denne festen, kan vere ei overrasking fram til då. Som mannskor flest, kan dei ofte gi 'gåsehudeffekt', og effekten vil nok særleg gjere seg gjeldande inne i dokkhallen, med 40 meter frå tak til botn og 120 meter frå eine enden til hin!

I 2002 framførte saksofonist og komponist Webjørn Sæther frå Langevåg, saman med Kirsti Pedersen Haugen, eit tingingsverk i samband med opninga av dokkhallen ved Ulstein Verft. No kjem Webjørn tilbake, og vi får høyre att eit utdrag av dette musikkstykket. Webjørn er ein allsidig kar som jobbar med alt frå samtidsmusikk til jazz og folkemusikk, og har master i komposisjon frå Griegakademiet. Han jobbar som frilansmusikar, komponist og kulturskulelærar, og har mellom anna jobba i kulturskulen i Ulstein i perioden 1998-2002.

Ein annan og heilt rå musikar er Bendik Hustadnes frå Volda. Han deltok med trommesolo på Norske Talenter, og fekk då tilbakemeldinga: "Dette var ikkje 'berre' ein trommesolo! Dette var eit show! Du underheldt oss skikkeleg!" Bendik er berre i starten av karrieren sin, og vi kan love éin ting: Denne superkule trommisen her kjem vi til å høyre mykje frå i åra som kjem!


SPELELISTE PÅ SPOTIFY

Bli kjend med, og varm opp til Jubileumsfesten ved å høyre på spelelista vi har laga til på Spotify med låtar frå fleire av artistane som skal gjeste Ulstein 2. september!

Den 2. september er artistane klare til å stå på scena vår i dokkhallen. Det er berre å gle seg!

Speleliste
Jubileumsfest på Ulstein