Storfeiring i Dokkhallen

Published

Ulstein har 100-årsjubileum i år, og feirer dette med eit storstilt arrangement 2. september i dokkhallen på Ulstein Verft, der alle er inviterte! ​- Dokkhallen set rammene for ei spektakulær feiring, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim.

Vi har gjort avtale med fleire artistar, både lokale og nasjonale.

SIGRID
Sigrid kjem frå Ålesund, og songen hennar ‘Don’t kill my vibe’ figurerer på spelelistene over heile verda. Ho er ein artist som vi kjem til å høyre mykje meir frå i åra som kjem.

MADCON
Duoen Madcon, med Tshawe og Yosef, er ei rappegruppe som starta opp i 1992. Om ikkje før, så fekk dei fleste fekk opp augene for desse artistane under Melodi Grand Prix på Telenor Arena i 2010, då dei stod for pausenummeret ‘Glow’.

CEZINANDO
Cezinando kjem, ein artist mange trur dei ikkje har høyrt om, før dei høyrer songane hans, som vert spelte heile tida i alle kanalar. Ein av desse er låta ‘Håper du har plass’. Tekstane er norske, og Cezinando vart kåra til årets nykomar i 2016.

ULSTEIN MANNSKOR - WEBJØRN SÆTHER - BENDIK HUSTADNES
Andre artistar vi har på blokka, er Ulstein mannskor, trommespelaren Bendik Hustadnes og saksofonisten Webjørn Sæther. Webjørn har master i komposisjon, og spelte eit spesialkomponert stykke ved opninga av dokkhallen i 2002, medan mannskoret sitt innslag vil gi ein atterklang om tider som var. Bendik frå Volda har mellom anna delteke på Norske Talenter.

THOMAS NUMME
Konserten vert supplert med film og andre effektar, og det heile vert losa i hamn av programleiar Thomas Numme, kjend frå 'Senkveld med Thomas og Harald' på TV2. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Momentium.


SKAFF DEG BILLETT!
- Konserten er gratis, men vi oppmodar alle om å skaffe seg billett på Tikkio. Vi er nøydde til å vite om lag kor mange som kjem, då vi må sette eit tak på talet besøkande nede i dokkhallen, understrekar Solheim, som samstundes nyttar høvet til å ønskje alle vel møtt til konsert den 2. september!