Vann yacht-kontrakt
Published
Ulstein Verft har inngått kontrakt på bygging av ein yacht for ein privat eigar. Dette blir den første båten for Ulstein innan dette segmentet.
-Vi er svært glade for at valet fall på vår marine plattform og på vårt verft, dette er ei viktig kontrakt for oss i ein ny og spanande marknad, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
Den marine plattforma og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Eksteriørdesignen og «general arrangement»(GA) teikningar, skal leverast av den anerkjente yacht-designaren Espen Øino.
-Vi har jobba godt og lenge med å utvikle eit solid og robust yacht-prosjekt. Kunden ønskte den karakteristiske X-BOW® frå ULSTEIN og saman med Espen Øino, som har ansvaret for eksteriørdesignen og GA-plan, har vi utvikla ei god totalløysing. Vi ser verkeleg fram til å realisere dette prosjektet, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.
Fartøyet skal leverast første kvartal 2018. Planlegging og engineeringsarbeidet er i gang og prosjektet vil gi arbeid til ein betydeleg del av arbeidsstokken ved Ulstein Verft gjennom 2017. Yachten blir 88,5 meter lang og 16,3 meter brei.
Please contact us for more information