X-BOW® på 100-kroneseddelen

Published

X-BOW-designet er med på 100-kroneseddelen i Norges Bank sin nye seddelserie som vart lagt fram 22. november 2016.

"Hovudmotivet på 100-kroneseddelen er Gokstadskipet. Dette er Noregs største bevarte vikingskip. Skipet er bygd cirka år 900 og blei funne i ein gravhaug i 1880. I bakgrunnen skimtar du den norskteikna baugen X-BOW®, eit design frå Ulstein Design & Solutions AS.

Desse ulike båtkonstruksjonane vitnar saman om at evna og viljen til å finne nye, betre måtar å kome seg fram på, alltid har stått sentralt i norsk kyst- og næringsliv.

I vikingtida kunne ein med farkostar som Gokstadskipet segle langs heile kysten og ut i handel, sjørøveri, strid eller landnåm. I dag gir vikingskipet oss ei muligheit til å reise på heilt andre måtar. Vi kan segle tilbake til fortiden, og leve oss inn i våre forfedre si verd.

Som nordmenn ber vi med oss ei lang og rik historie i det å overleve langs kysten og ute på havet med fiske, handel og frakt – frå farmennene i sagatida fram til dagens internasjonale skipsfart." (Pressemelding frå Norges Bank)

Åtte deltakarar deltok i banken sin konkurranse, der banken kåra The Metric System/Terje Tønnesen til vinnar.

Sedlane er planlagt utgitt 30. mai 2017, det året Ulstein Group vert 100 år.

Please contact us for more information