Ulstein leverer fleksibelt vindserviceskip til BS Offshore

Published

Då Bernhard Schulte Offshore (BS Offshore) og klienten deira, Siemens, i 2015 kontraherte eit vindstøttefartøy frå Ulstein Verft, såg dei fordelen av å ha skipdesignarane og byggjeverftet på éin stad. No er fartøyet ferdigstilt, og vart levert 23. juni 2016.

The lady sponsor, masters and representatives of the owners at the naming of the Windea La Cour.
The lady sponsor, masters and representatives of the owners at the naming of the Windea La Cour.

- Vi vurderte fleire verft over heile verda, men Ulstein Verft var vårt endelege val. Vi såg fordelen av å ha skipsdesignselskapet og verftet på éin stad. Ulstein har også den same tilnærminga som vi har – å alltid strekkje seg litt lenger for å glede sluttkunden, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH.

Havvind
- Saman har vi utvikla ei fleksibel og effektiv skipsløysing for offshore vindservicemarknaden, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og leiar for marknad og innovasjon i Ulstein Group.

- Prosjektframdrifta har vore god, og kombinasjonen av dei kompetansane som ligg i dei ulike selskapa har ført til fruktbare diskusjonar. Vi er glade for at vi til avtalt tid leverer dette nyutvikla vindstøttefartøyet, og er sikre på at det kjem til å gjere ein god jobb for BS Offshore og Siemens.

Stille om bord
Under prøveturen kommenterte ein av dei to komande kapteinane, Mikael Nielsen, at skipet har rolege rørsler og svært lave nivå av støy og vibrasjonar. Alt dette er viktige eigenskapar for eit skip som har som ei av sine hovudoppgåver å transportere serviceteknikarar til Gemini Offshore Wind Park, 85 kilometer nord for den nederlandske provinsen Groningen og ein fem-timars tur frå land.


Delar av mannskapet frå Bernhard Schulte Ship Management på Windea La Cour sin prøvetur. Kaptein Mikael Nielsen heilt til venstre.

Fleksibelt
Det nye hekkdesignet X-STERN® bidreg til skipet sin fleksibilitet. På prøveturen greidde skipet å halde god fart både framover og bakover, og det er lett å manøvrere begge vegar.

Sikker overføring
Fartøyet er utstyrt med to variantar av korleis teknikarane skal kome seg over til vindturbinane - eit integrert Uptime hivkompensert gangbrusystem og eit dotterfartøy med kapasitet på 10 personar.

Kapasitet
Lastekapasiteten er godt utnytta. Reservedelar og utstyr kan bli transporterte i konteinarar, seks på dekket og seks under dekket.Skipet har gode verkstadsfasilitetar. Innreiinga er for 60 personar i enkeltlugarar, av desse er 40 tileigna teknikarar.

Elektrisk framdriftssystem
Det elektriske framdriftssystemet BLUEDRIVE PlusC ™ frå Siemens senkar driftskostnadene ved å kutte motortida på nominelt turtal og redusere talet påkravde elektriske komponentar. Utsleppa er reduserte ved å optimalisere forbrenninga.

X-effekt
Skrogdesignelementa X-STERN og X-BOW aukar operabiliteten gjennom positive effektar på å halde posisjon, bølgjerespons, komfort og sikkerheit, og gir redusert effekt og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjon).

The-SOV-vessel-from-Ulstein-Verft-sea-tr

Byggnummer 309 på prøvetur (foto Ivan Schrooyen).

ULSTEIN SX175
Skipsdesignet ULSTEIN SX175 er utvikla for å møte framtida sine krav innan service og vedlikehald av offshore vindinstallasjonar. Ein vesentleg innsats har gått på å optimalisere skipet sine rørsler for å sikre trygg overføring av teknikarar og utstyr i samband med drift, vedlikehald og service av vindturbinar. Det har vore viktig å gje best mogleg komfort for teknikarane som skal vere om bord, og lugarane er plasserte der rørslene til fartøyet er minst.

X-BOW og X-STERN er, saman med det integrerte, likestraums hovudkraftsystemet med variabel turtalskontroll av dieselmotorane og propellsystema, sjølve kjernen i designet. Dette, i kombinasjon med eit eksoskatalysatorsystem, tilfredsstiller krava til IMO-Tier3, som er dei strengaste internasjonale miljøkrava.

FAKTA
Fartøystype: Service Operation Vessel (SOV) for offshore vindturbinar
Designtype: ULSTEIN SX175
Konstruksjonsverft: Ulstein Verft AS
Designselskap: Ulstein Design & Solutions AS
Lengd: 88 m
Breidd: 18 m
Dødvekt: 3150 t
Djupgåande (maks): 6,4 m
Hastigheit: 13,9 knop (framover), 12,1 knop (bakover)
Overnatting: 60 personar
Lastedekksareal: 380 m2
Dynamisk posisjonering: IMO klasse II (DYNPOS AUTR)

Hovudframdriftssystem: To azimuth thrusterar, kvar av desse drivne av ein frekvensstyrt elektrisk motor med variabel hastigheit.

Andre thrusterar: Ein nedsenkbar azimuth thruster, to sidethrusterar framme.

OM SELSKAPA

ULSTEIN er eit familieeigd, maritimt konsern som vart etablert i 1917. Konsernet er ein internasjonal aktør med hovudkontor i Ulsteinvik, og med hovudaktivitet innan skipsdesign og løysingar, skipsbygging og systemløysingar for skip.

Bernhard Schulte Offshore GmbH er ein del av Bernhard Schulte-konsernet, eit familieeigd reiarlag og skipsoperatør som sysselset kring 17000 sjøfolk og 1500 personar på land, eig 100 skip og driftar om lag 580 fartøy.

SIEMENS-will-be-using-the-SOV-vessel-for


Frå august månad skal skipet i arbeid for Siemens utanfor kysten av Nederland (foto: Ivan Schrooyen)

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com