Store ULSTEIN COM®-leveransar til PGS sine Ramform-skip

Published

Nyleg tok Ramform Tethys til i arbeidet med å samle inn seismiske data for PGS. Ei omfattande ULSTEIN COM®-leveranse er installert i det karakteristiske fartøyet, som er nummer tre av fire i Ramform Titan-klassa.

Skipa i Ramform Titan-klassa vert bygde ved Mitsubishi Heavy Industries sitt verft i Nagasaki.

Ulstein Power & Control AS fekk oppdraget på ein stor leveranse av informasjons- og kommunikasjonssystemet ULSTEIN COM® på alle fire skipa.

Kvart fartøy er utstyrt med eit komplett CCTV-system som mellom anna femner om 60 kamera spreidde om kring på skipet, eit høgtalaranlegg (Public Address/PA) med 300 høgtalarar, eit datanettverk med 200 utgangar og eit komplett underhaldningssystem som inkluderer satellitt-antenne og IPTV.

Ramform Tethys vart levert i mars 2016. Det fjerde og siste skipet, Ramform Hyperion, vil bli ferdigstilt i 2017. Oppstart av den fjerde ULSTEIN COM-utstyrspakka vil ta til i starten av 2017.

ULSTEIN COM® er installert på alle fire fartøya i Ramform Titan-klassa:

  • Ramform Titan - levert 2013
  • Ramform Atlas - levert 2014
  • Ramform Tethys - levert 2016
  • Ramform Hyperion (skal leverast i 2017)

Skipa i Ramform Titan-klassa er 70 meter breie over hekken, og har 24 såkalla streamerar (seismiske lyttekablar). PGS omtalar skipa som svært produktive, sikre, stabile og med høg redundans.

Please contact us for more information