Sterkt gjort av ALP Striker
Published
Det havgåande slepe- og ankerhandteringsskipet ALP Striker greidde å demonstrere ei slepekraft på heile 309,6 tonn på prøveturen sin. DPII-skipet vart levert 12. september til ALP Maritime Services.
ALP Striker er bygd av Niigata Shipbuilding & Repair i Japan. Dette er det første av fire havgåande slepebåtar/ankerhandteringsfartøy (AHTS) til ALP Maritime Services, eit underselskap av Teekay Offshore Partners L.P. Skipa er ein del av ALP si ‘Future class’.
Skipa er av SX157-designet, og er spesielt utvikla til dette prosjektet i nært samarbeid mellom skipsdesignselskapet Ulstein Design & Solutions AS og skipseigar ALP Maritime Services.
Skipa skal kunne utføre havgåande sleping uavhengig av avstand. I tillegg til å kunne taue svært store flytande objekt skal dei også kunne yte tenester som ankerhandtering, posisjonering og fortøying.
Skipa er i stand til å gjere dette med eit minimum av stopp for å fylle drivstoff, optimal drivstoffeffektivitet med eit oppsett på fire uavhengige motorar, og høg slepekraft. ULSTEIN X-BOW-designet sikrar optimale sjøeigenskapar og evne til å halde kurs sjølv ved høge bølger og mykje vind.
Dei har ei servicefart på 13 knop og ei toppfart på 19 knop. Med ein drivstoffkapasitet på meir enn 3500 m3, kan dei taue for full kraft i 45 dagar, noko som gjer at dei kan utføre oppdrag på tvers av dei store verdshava utan noko opphald. Skipa er 88,9 meter lange og 21 meter breie.
I arbeidet med utviklinga av designet måtte Ulstein syte for at kvart skip har tilstrekkeleg slepekraft og driftssikkerheit til å kunne handtere også dei aller tyngste slepa ved hjelp av berre to fartøy. Miljø og drivstofføkonomisering har også vore viktige kriterium. Skipa er klassifiserte med DNV sine klassenotasjonar Clean Design og isklasse 1B, noko som gjer at skipa kan operere i eit utvida arbeidsområde. Dei er i tillegg utstyrte som ankerhandteringsfartøy, som mellom anna inkluderer hekkrull, ein tretromla vinsj med 400 tonns hivekraft, og med kjettinglås for riggkjetting. Innreiinga for 35 personar er romsleg og komfortabel med tanke på at skipa skal opphalde seg i lange periodar på sjøen.
ULSTEIN har også hatt ansvar for leveransane av hovudkomponentar som motorar, thrusterar og propellar, vinsj, kraftdistribusjon og thruster drives, kontrollsystem og kommunikasjonssystem.
Hovudstikkord:
Langdistansetauing
Stor slepekraft:
Kan taue svært store flytande objekt
Tilleggsytingar: Ankerhandtering, posisjonering, forankring
Dynamisk posisjonering klasse II (DPII)
For arbeid over heile verda
Optimale sjøeigenskapar (ULSTEIN X-BOW®)
Drivstofføkonomisk
Clean Design
Komfortklasse Comf-V (3)
Isklasse 1B
Brann-nedkjemping (FiFI II)
Dei fire MAK-motorane produserer 24400 BHP
Lastedekksareal: 550 m2
Fire motorar, kapasitet 18000 kW / 600 rpm
Dekkslast 2400 tonn – 10t/m2 max
Dødvekt 4250 tonn
Please contact us for more information