Stakar ut kursen for forsking og utvikling i det maritime området
Published
I løpet av to månader skal 56 deltakarar delta i å utvikle ein heilheitleg strategi for forsking, utvikling og innovasjon i maritim sektor - Maritim21. ULSTEIN sin representant sit i arbeidsgruppa ‘muliggjørende teknologi’.
Arbeidet skjer på tvers av industriar, forskingsmiljø og myndigheiter. Arbeidsgruppene har 80 ulike innspel frå 40 organisasjonar å jobbe vidare med.
- Gjennom dette arbeidet vert den maritime strategien, Maritim 21, breitt forankra, og vi har moglegheit til å påverke kva retning den maritime satsinga skal ta, seier utviklingssjef Rune Volden i Ulstein Power & Control.
– Havromet er mykje meir enn fisk og olje, og der finst også mange vegar å gå for å få meir berekraftige og ressurssparande løysingar innan transport, hausting og utvinning. Vår gruppe, ‘muliggjørende teknologi’, skal mellom anna sjå på korleis digitalisering endrar den maritime industrien. På kva måte kan til dømes dataanalysar, såkalla ‘Big data’, gjere at meir og meir av operasjonane kan bli styrte frå land?
Kjell Røang i Norges forskningsråd fortel at det er stor breidde i innspela om moglegheiter og utfordringar for næringa.
- Alle arbeidsgruppene har mange innspel kvar å ta tak i. Innspela dreier seg om kvar forretningsmoglegheitene er, styrkar og svakheiter innan kunnskapsproduksjon og teknologiutvikling, og kva som må gjerast for å realisere forretningsmoglegheitene.
- Deltakarane er inndelte i fire arbeidsgrupper: havromsoperasjonar, transport og logistikk, mogleggjerande teknologi og klima og miljø. Målet med Maritim21 er å stimulere til forskning, utvikling og innovasjon som bidreg til berekraftig vekst og verdiskaping, aukar konkurranseevna i maritim næring, og realiserer det maritime potensialet i synergiane mellom dei havbaserte næringane.
Gruppene skal vere ferdige allereie 15. august. Arbeidet i arbeidsgruppene skal samlast i ein delrapport, som skal inngå i sin heilheit i Martim21-strategien. Det er Nærings- og fiskeridepartementet som er oppdragsgjevar for Maritim21 på vegner av Regjeringa. Sluttrapport skal leverast innan november 2016.
Deltakarane er inndelte i fire arbeidsgrupper: havromsoperasjonar, transport og logistikk, mogleggjerande teknologi og klima og miljø.
Please contact us for more information