Sjøsette skonnerten IDEAL
Published
Den 31. mai 2016 sjøsette avdeling tungløft ved Ulstein Verft den 120-fots skonnerten IDEAL i Kristiansund. Skonnerten er ein nybygd kopi av eit skip bygd i 1910, og skal nyttast i skulesamanhengar og til maritim rekruttering.

Tungløftsavdelinga frå Ulstein Verft er på plass på Nordmøre ein 14 dagars tid i samband med fleire løfteoppdrag. Til desse oppdraga nyttar dei lekteren, multiwheeler og ei beltekran med løftekapasitet 600 tonn. Det var difor naturleg å stille opp for å sjøsetje skonnerten frå Saltkaia i Kristiansund.
IDEAL er ein tremastra skonnert som er ein kopi av eit skip bygd i 1910 ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal i Hardanger.
IDEAL skal nyttast som eit pedagogisk tilbod for mellom anna å vidareføre og ta vare på lokal maritim kultur. Skipet skal reise på opplevings- og leirskuleturar for storskulen og ungdomsskulen, men skal også mellom anna nyttast i maritim rekruttering.
Kapasitet Terex mobilkran: Les meir

Nybygget 'IDEAL' er ein kopi av ein skonnert frå 1910.
Please contact us for more information