Nominerte til offshore-prisar

Published

To skipsdesign frå Ulstein er nominerte til offshore-prisar. Vindstøttefartøyet 'Windea La Cour' er nominert til Offshore Renewables Award 2016, og 'ALP Striker', eit fartøy som kan taue svært store installasjonar over lange havstrekk, er nominert til Support Vessel of the Year Award.

Offshore Renewables Award blir gitt til eit selskap, prosjekt eller produkt som har vore eit viktig bidrag til utviklinga av fornybar-marknaden i løpet av 2016. Desse er nominerte til prisen:

  • Windea La Cour, eit vedlikehaldsfartøy for vindturbinar, eigd av BS Offshore og på kontrakt for Siemens, verdas første fartøy med X-STERN®
  • Palfinger sitt system for tilgang til turbinblada (PBA), der Senvion nyleg vart første kunde
  • Barge Master sitt gangvegsystem for personell og utstyr. Systemet kompenserer skipet sine rørsler i signifikant bølgjehøgd opp til 3 meter
  • Voith Linear Jet, ein ny type propell som kombinerer dei beste eigenskapane til konvensjonelle propellar med dei beste eigenskapane til konvensjonelle vassjetar

Fullført prøvetur
Nominasjonen av Windea La Cour fall saman med fullføringa av prøveturen til systerskipet, bnr 310 frå Ulstein Verft, den 3. desember 2016. Dette skipet vil bli levert i første kvartal 2017, og skal arbeide på offshorevindfarmar utanfor Tyskland.

Akterenden X-STERN vil gjere at mannskapet i større grad kjem til å operere skipet med akterenden først i arbeidet på offshorevindfarmar. Les meir

Support Vessel of the Year
ALP Striker er nominert til Support Vessel of the Year. Denne utmerkinga vert gitt til eigaren, designaren og byggjaren av eit offshorestøttefartøy levert i 2016 og som vert vurdert til å ha sett ein industristandard gjennom innovativ design og effektiv operasjon. Dei nominerte til denne prisen er:

  • ALP Striker, det første skipet i ein ny klasse langdistance slepebåt/ankerhandteringsskip/redningsbåt for ALP Maritime. Skipet er designa av Ulstein og bygd av Niigata Shipbuilding & Repair i Japan
  • Pioneering Spirit, Allseas sitt tungløfts-/dekommisjoneringsskip, designa av Allseas og bygd av DSEM i South Korea
  • Audax, eit Polar 3-klasse tungtransportfartøy for Red Box Energy Services, designa av eigaren og bygd av Guangzhou Shipyard International
  • Maersk Connector, eit kabelleggingsfartøy for Maersk Supply Service, som er i arbeid for DeepOcean og designa og bygd av Damen

Please contact us for more information

Companies

Contacts