Kontrakt innan prekommisjonering

Published

Ulstein Electrical Technology har blitt tildelt ein prekommisjonerings-kontrakt for to skip til subsea rock dumping som er under bygging for Jan De Nul Group ved AVIC Weihai Shipyard Co. Ltd., Kina.


Fartøya vil bli brukte til å legge ned stein for å beskytte kablar og andre undervasstrukturar på djupner ned til 600 meter.

- Ulstein Electrical Technology Co. Ltd. (UET) har vore godt posisjonert i Ningbo i Kina i fleire år. Teamet vårt er samansett av godt kvalifiserte elektrikarar som har utført prekommisjonering på fleire verft i Kina, dei siste prosjekta har vore på PSV-skip på verft som Wuchang, SWS og ROC, seier deputy managing director Stig Hjelvik ved UET. Arbeidet vil inkludere kabling og tilkopling av utstyr levert frå Ulstein Group og også utstyr frå andre leverandørar, og vil starte snarast. Ulsteinleveransane inkluderer kraftpakken, med generatorar, tavler, motorkontrollsenter, thruster-frekvensomformarar og motorer. I tillegg kjem automasjonssystemet ULSTEIN IAS, DP-system og thrusterkontroll. Les meir om leveringa av utstyr.

6000-tonns fartøya har ei lengde på 95 meter og breidde på 22 meter.

Jan De Nul Group har hovudkontor i Luxemburg, og er ekspert på mudring og marin konstrusjonsverksemd, og spesialiserte tenester til offshoreindustrien innan olje, gass og fornybar energi.
AVIC Weihai Shipyard Co Ltd er basert i Shandong-provinsen i Kina. Verftet blei etablert i 1951, og starta produksjon av fartøy for den internasjonale marknaden i 1998. AVIC International har vore hovudaksjonær sidan 2011.
Ulstein Group er ei gruppe maritime bedrifter som spesialiserer seg på skipsdesign og maritime løysingar, skipsbygging, og kraft- og kontrollsystem.


Please contact us for more information

Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd

Room 2026, Building A, No. 500 Yunjin Road, Xuhui District, Shanghai 200232, China

Tel: +86 21 5489 3691

johannes.roren@ulstein.com​