Innovativt skip frå Ulstein Verft startar arbeid i offshorevindservice

Published


Innovasjonen X-STERN®, introdusert på ONS 2014, er realisert. Windea La Cour har tatt til i arbeid på offshorevindparken Gemini. På prøveturen greidde skipet ei maks hastigheit ved bakking som ligg nær maksfarta framover. Dette aukar skipet sin fleksibilitet ved manøvrering mellom turbinane i vindparken. Sjå film her.

Berre to år er gått sidan Ulstein Group introduserte hekkforma X-STERN på oljemessa ONS i Stavanger. Kort etter vart to serviceskip for offshorevind-industrien kontraktsfesta av BS Offshore i Tyskland, og fartøya vart chartra av Siemens.

X-STERN-effekten på fleksibilitet og komfort
X-STERN er ein spiss skipshekk, i staden for den flate hekkplata bak, den såkalla ‘transom’-plata. Fleksibilitet i arbeidet er ein av dei store fordelane med X-STERN, og komforten aukar som følgje av reduserte vibrasjonar og slag. Nettopp fleksibilitet og komfort er viktige eigenskapar for ‘Windea La Cour’, som har som oppgåve å innkvartere, transportere og overføre teknikarar frå land og til vindturbinar på Gemini vindpark utanfor Nederland. Fartøyet kan bevege seg raskt mellom vindinstallasjonane.

Overtydde om eigenskapane på prøveturen


På skipet sin prøvetur ynskte mannskapet å teste skipet si evne til å bakke, og sette skipet i maks fart akterover. Som følgje av X-STERN-utforminga, greidde fartøyet å halde ei akterut fart på 12,1 knop, medan maks hastigheit framover er 13,95 knop, ein skilnad på mindre enn 2 knop.

Windea-La-Cour-at-the-Gemini-Offshore-Wi

Unngår slag mot baug og hekk
X-STERN deler mange av dei same eigenskapane som baugforma X-BOW, som også inngår som ein del av skipsdesignet til ‘Windea La Cour'. Der vil ikkje oppstå slag i baugen eller akterenden, som følgje av lavare akselerasjonsnivå. Dessutan vil vibrasjonsnivåa vere lavare, samtidig som ein kan halde høgare fart.

Konstruksjon av skip nummer to
BS Offshore har endå eit SOV-skip under bygging ved byggeverftet, Ulstein Verft. Skipet er bygd, utstyrt og malt i ein overbygd dokkhall, noko som sikrar ei kontrollert atmosfære og den beste kvaliteten på arbeidet. Fartøyet vil bli sjøsett om eit par månader, før det går på prøvetur mot slutten av året.

Erfarne skipsbyggarar
‘Windea La Cour’ er byggnummer 309 frå Ulstein Verft, og vart levert til avtalt dato den 23. juni 2016. Ulstein Verft er ein erfaren partnar med ei skipsbyggingshistorie som går tilbake til 1917. Verftet har spesialisert seg på å bygge avanserte prototyp-fartøy, og tek også på seg skipsreparasjonar og ombyggingar, noko som er tenester som også femner om engineering (detaljdesign).