Frå tre til tre hundre arbeidarar på 50 år

Published

I 1967 kunne Ulstein mek Verksted feire 50 år, noko som vart omtalt i dei lokale og regionale avisene kring Ulsteinvik. Ulstein mek. hadde rundt rekna 600 arbeidarar i verkstadindustrien i kommunen, av eit samla folketal på mindre enn 4000.

Avisa Sunnmøre Arbeiderblad omtala åra 1957-1967 på denne måten: "Det har gått føre seg ei rivande utvikling ved Ulstein Mek. Verksted. Frå gammalt av har reparasjon og ombygging vore det viktigaste arbeidsområdet for verkstaden, men i seinare år har nybygginga etter kvart kome til å dominere. Samstundes har annan produksjon - av m.a. propellar - auka sterke i omang. Heile tida har ein hatt over seg problemet med å skaffe nok arbeidskraft, og kravet om stadig større investeringar."

I 1967 var Magnulf Ulstein disponent. Inga Ulstein var styreleiar, ei rolle ho gjekk inn i ved mannen, Martins, bråe bortgang i 1948.

Magnulf fekk dette spørsmålet frå Vikebladet:
"Det kom ei tid då fisket slo feil. Men det kom ingen nedgangstid. Fiskarane greidde å omstille seg og finne seg til rette på nye felt. Meir merkverdig er at verkstadsindustrien ikkje berre greidde å arbeide seg inn på nye marknader, men også kom til å gå gjennom ein vokster ingen tidlegare kan ha drøymt om. Kva er det som har hendt i den lokale verkstadindustrien dei siste åra?"

Magnulf svara på denne måten:

"Nokre bedrifter satsa på å bygge fiskefarty til Island og Færøyane. Vi kom meir til å konsentrere oss om å bygge bilferjer og andre mindre spesialfarty av stål. Så i 1962 kom vi i gang med det store og nokså særeigne arbeidet med å omskape sjøbussen "Romsdal" til "Grand Bahama", eit arbeid som førde til sterk utviding i arbeidsstokken. Året etter fekk vi eit nytt interessant oppdrag med passasjerskipet "Poseidon", og seinare har det gått slag i slag med bygging av m.a. kraftblokkbåtar og mindre lastebåtar, særleg frysebåtar som ei stund har vore ein slags spesialitet."

Magnulf la også til at kommunen var velvillige til å bistå med å hjelpe fram bustadbygginga. svært mange av tilflyttarane valde å skaffe seg eigne hus og bli buande: "Vi kan vel sjå det som eit teikn på at Ulstein ikkje berre har arbeidsplassar, men at det er ein stad der det er godt å slå seg ned," konkluderte han.