Kaldbøygde rør og prefabrikasjon

- Kaldbøying av rør gir kundane våre eit produkt med langt høgare kvalitet, raskare leveringstid og ikkje minst mindre svinn som er bra for miljøet, uttalar seksjonsleiaren for røravdelinga ved Ulstein Verft, Tor-Erik Agledal.

Nye marknadar

Røravdelinga har levert kaldbøygde rør og tilstøtande tenester til Ulstein Verft sidan 1996. No har avdelinga investert i ny programvare for maskinparken og kan effektivisere drifta enda meir.

Tor-Erik Agledal er seksjonsleiar ved røravdelinga og vil kome i kontakt med fleire som har behov for produkta dei leverer. Tradisjonelt har røravdelinga berre levert rør til nybygg, men har no kapasitet til seglande skip og ser på nye marknader.

- Vi har over tid fått ein brei og solid kompetanse og kan hjelpe til med alt frå NDT-inspeksjonar, produksjon av rør, galvanisering og montering, testing og ISO-teikningar, for å nemne noko. Som kunde vil ein få løyst alt på ein stad, seier seksjonsleiaren.

Robuste rør

Seksjonsleiaren forklarar at kaldbøying gir færre sveiseskøytar, noko som reduserer faren for lekkasjar og kan gi lågare driftskostnadar.

-Som ein seriøs aktør har vi god kontroll på regelverk og kvalitetssikring i produksjon av rør. Vi gjennomfører trykktesting og tettleiksprøving på røra, poengterer Agledal.

Vidare legg han til at prosessen bruker mindre energi, og gir mindre svinn av rør. Det får ned kostnadane og gagnar både kundar og miljøet.

Rask leveringstid

Røravdelinga ved Ulstein Verft er vant med korte fristar, og dei kan kome raskt i gang med produksjon av rør. Seksjonsleiaren understrekar at dei kan levere rør like raskt til seglande skip som til nybygg.

Det er ikkje behov for ISO teikningar for å starte produksjonen av rør. Ein kjapp dialog med kunden, bilete og nokre mål skal vere nok.

- Om alt klaffar, kommenterer Agledal, så kan du bestille rør ved lunsjtider og ha dei ferdig produserte ved middagstider neste dag. Vi har gode leverandørar, effektive maskinar og dyktige tilsette.

Snakk med oss om:

  • Kaldbøying av rør og prefabrikasjon
  • NDT kontrollering
  • Montering
  • Trykktesting
  • Prøving av tettleik
  • Galvansiering/ maling
  • Teikning av ISO rør og optimalisering av eksisterande ISO teikningar

Tor-Erik Agledal | Section Leader Pipe Bending | Tel: +47 976 69 187 | tor.erik.agledal@ulstein.com

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com