Surfar på bølgjetoppane

X-BOW-forma er omtrent det motsette av ein konvensjonell baug ved at han lener seg bak i staden for framover. Eit X-BOW-skip kløyver bølgjene, og reduserer støy og vibrasjonar. Det kan halde høgare fart og ha mindre drivstofforbruk i høg sjø enn eit tilsvarande skip med konvensjonell baug, og gir betre komfort om bord.

Å FLYTE PÅ BØLGJETOPPANE

Skrogforma X-BOW var utvikla av teamet i Ulstein Design & Solutions AS, og har vore ei stor forbetring for komforten til mannskapet.

"Mindre risting gir mindre vibrasjonar, mindre støy og mindre sjøsprøyt"
Arnkjell Brandal, første kapteinen på 'Bourbon Orca'

Arnkjell Brandal var den første kapteinen på ankerhandteringsfartøyet Bourbon Orca, frå 2006 fram til mai 2015. Sjømannen, som var vand med tradisjonelle baugar, fortel om sine første inntrykk om bord.

- Paradoksalt nok var det som eit sjokk. Skipet var ikkje i det heile tatt likt noko eg hadde erfart tidlegare! Heile opplevinga av det å gjere slep i stampe sjø, var at heile operasjonen vart mykje meir jamn og behageleg. Det vart ikkje slag mot baugen og dermed heller ikkje fartstap. Vi fekk ein jamn flyt utan rykk i slepet. Og ved transitt i stampesjø kunne vi ofte halde så stor fart at vi flaut frå bølgjetopp til bølgjetopp utan å falle ned i bølgjedalane. Dette ga oss kraftig reduserte hivrørsler og stamping, samanlikna med skip med konvensjonelle baugar, fortel han, og held fram:

- Som følgje av ein gunstig kombinasjon av dieselelektrisk framdrift, azimuthar og X-BOW, brukar Bourbon Orca om lag 50% mindre drivstoff enn dei konvensjonelle ankerhandterarane på typiske ankerhandteringsoppdrag.

Bourbon Orca er eigd og drifta av Bourbon Offshore Norway. Det er det aller første X-BOW-skipet, kontrahert i 2005, og levert frå Ulstein Verft i 2006.

NORSKE SKIPSBYGGINGSTRADISJONAR

Medan nokre synest at formene liknar vikingskip, meiner andre at X-BOW-skipa kan likne på romskip, som tek mannskapet ut i romet og ikkje ut på dei sju hav. Det første X-BOW-skipet fekk det svært passande namnet ‘Orca’ (spekkhoggar) etter ein namnekonkurranse i rederiet, eit namn som heidrar den organiske skipsforma.

Kvalsundskipet som vart funne på Sunnmøre er bygd rundt år 700, eit par hundre år før vikingane regjerte i området vårt. Både dette skipet, Osebergskipet frå om lag år 800 og knarren frå rundt år 1000 har ei baugform som kan likne ein ULSTEIN X-BOW®. Etter om lag år 1000 forsvann denne spesielle båtforma ut av norsk skipsbygging.

– Når vi kjem til 1100- og 1200-talet gjer jektene sitt inntog, og dei har ei meir rettstemna form, fortel Per Weddegjerde, som er ansvarleg for båtsamlinga ved Sunnmøre museum.

FLINKE BÅTBYGGJARAR OG GODE SJØFOLK

Skjøna dei seg på gode sjøeigenskapar og effektiv framdrift med minst mogeleg bruk av energi for over 1000 år sidan også?

– Det er mykje vi ikkje veit om skipsbygging i vikingtida og før det, men vi har vel ei formeining om at vikingane var dyktige handverkarar. Dei var flinke båtbyggjarar og gode sjøfolk med kunnskap og erfaring frå fl eire generasjonar tilbake.

Per Weddegjerde ser at formene på dagens X-BOW-skip frå Ulstein liknar på kopiane av dei eldgamle båtane han har i samlinga ved museet, men han legg vekt på at dei nye skipa er noko heilt anna.

Eit vikingskip (fremst) og eit X-BOW-skip (bak) er illustrerte på 100-kroneseddelen i den nye serien pengesedlar som vart tekne i bruk frå 2017.

VERN MOT VIND OG STRID

Per Weddegjerde trur at det var fleire grunnar til at gamle norske sjøfararar ville ha båtar som hadde den estetiske baugforma.

– Akkurat kva som var grunnen til at dei valte denne baugforma kan eg ikkje seie, men det kan tenkjast at dei høge linene i baugen kunne verne mot piler og spyd under strid, samt gje eit visst vern mot vind, vêr og sjøsprøyt, seier han. Weddegjerde er sjølv skipperutdanna og har vore fiskar.

– Eg har ingen problem med å sjå at ULSTEIN X-BOW er ei skrogform som gjev gode sjøeigenskapar og oppføre seg roleg i gange i motsjø. Forma må ein nok venne seg til, men når alle ser at dette er gode sjøbåtar vil dei nok like forma også, seier Weddegjerde ettertenksamt.

Dette intervjuet med Per Weddegjerde vart gjort i 2006, då det første X-BOW-skipet vart levert. Ti år seinare hadde talet X-BOW-skipsdesign selt passert eitt hundre.

Filmen nedanfor vart filma med mobiltelefon i 2007, og viser det første X-BOW-fartøyet, Bourbon Orca, på veg frå Mongstad til Nordsjøen. Skipet heldt ei stødig fart på 13 knop, og passerer mellom to andre skip som begge har redusert farta til 8 knop på grunn av høg sjø.


Please contact us for more information

Companies