Yno 36H - Vesturvón
B.nr. 36H - Byggeår 1969. Rederi: P/F Vesturvón, Sørvágur, Færøyane. Bygd ved Hatlø Verksted
- Lengde: 61,75 m
- Bredde: 10,24 m
- Brutto tonnasje: 835 tonn
- Dødvekt: 660 tonn
- Fart: 14,25 knop
- Hovudmotor: MWM
- Effekt: 2200 Hk
- Skipstype: Hekktrålar
- Andre skipsnamn: "Arctic Ranger", "Rubin", "Wuhan 4", "Kuko", "Typhoon 1", "Ming 5", "Thunder"
HISTORIE:
Av alle fiskebåtane Hatlø mek. bygde til Færøyane, var dette den største. Ved sjøsettinga var dei uheldige, den grunnstøytte på Sneingen og skada
roret. Det var dei kjende Laxafoss-karane på Færøyane som kontraherte båten.
Den dreiv trålfiske i Barentshavet, ved Grønland og New Foundland heilt fram
til 1986.
1986 Seld til England
og fekk namn "Arctic Ranger".
1998 Seld til Kypros og registert på St. Vincent i Karibien. Rederiet var Boyd
Line Management. Fekk navnet "Rubin".
2003 Nytt navn "Typhoon 1".
Ukjent tidspunkt: Nytt namn "Thunder"
2015: Vart senka. Skipet var mistenkt for å ha fiska ulovleg, jfr sitat frå Dagens Næringsliv: "På CCAMLRs liste over fartøyer som fisker ulovlig siden 2006. Etterlyst av Interpol i desember 2013 etter initiativ fra Norge, New Zealand og Australia. Flagget i Nigeria. Registrert eier er Royal Marine & Spares i Lagos. Har siden 2002 vært flagget på Seychellene og Togo og i Belize, Mongolia og Nigeria."
I 2017 kom det ut ei dokumentarbok, 'Jakten på Thunder', som fortel om skipet sine siste dagar.
Omtale av boka i Vikebladet Vestposten februar 2017: "Ingen forestilte seg vel at Vesturvón skulle verte eit av verdas mest berykta piratskip då fartyet var under bygging ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik på slutten av 60-talet. I den nye dokumentarboka startar historia ein vårdag i Ulsteinvik i 1969. Hekktrålaren var det mest avanserte fartyet i sitt slag som til då hadde forlatt beddingen ved verkstedet. Etter dåpen i slutten av mars 1969, gjekk ferda til Færøyane der Vesturvón innleidde ein ny æra innan fiskeri ved øyane i vest. Etter 17 år i teneste hos færøyværingane, vart Vesturvón i 1986 solgt til eit engelsk reiarlag og skifta namn til Arctic Ranger.
«Ved inngangen til det nye millenniet tok Vesturvóns stolte historie slutt. Rederiet fikk ikke fiske på kvoter i Norge, og i partnerskap med et russisk rederi ble tråleren sendt på fiske i Barentshavet, denne gangen under navnet Rubin. Fra Barentshavet forsvant skipet, som senere skulle bli kjent som Thunder, inn i en malstrøm av fordekte eierselskaper, bisarre skipsregistre og lyssky ekspedisjoner», heiter det i boka.