Yno 35H - Rauma

B.nr. 35H - Byggeår 1968. Rederi: Møre og Romsdals Fylkesbåtar. Bygd ved Hatlø Verksted.

Yno-35H-Rauma.jpg#asset:3543

  • Lengde: 60,10 m
  • Bredde: 11,00 m
  • Brutto tonnasje: 673 tonn
  • Fart: 14 knop
  • Hovedmotorar: MWM 2 stk. Effekt: 1600 Hk
  • Skipstype: Bil/Passasjerferge
  • Passasjerantal: 392 stk.
  • Bilar: 50 stk.
  • Andre skipsnamn "Ørtind", Andfjordsferga", "Bequia Express IV"


HISTORIE:

Frå lokalavisa 'Vikebladet', 21. desember 1967:

Hatlø Verksted sjøsette tysdag ei ny ferje til Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Ferja som er på 190 fots lengde og 35 fots breidde, skal gi plass til 50 bilar og 360 passasjerar. Fartyet skal leverast ca 15. mai og innsettast i ruta Molde - Vestnes. Til samanlikning kan nemnast at denne ferja er heile 38 fot lenger enn 'Møringen', og det vert den største ferja i selskapet.

1968 Ferga vart sett inn i rute 33: "Molde - Vestnes - Vikebukt".
1977 Ombygd ved Fiskarstrand Verft med mellom anna ny baugport.
1987 Seld til Torghatten Trafikkselskap og skifta namn til "Ørtind".
1988 Baugport ombygd, og bildekket forut overbygd.
2000 Segler framleis i Nord-Norge og har no namnet "Andefjordsferga". Eigar er Andøyferje AS og vert dreve av Troms Fylkes D/S AS.
1997: Nytt namn "Bequia Express IV"
2016: Fortsatt aktiv - IMO 6812534. Eigar og driverselakap er Bequia Express, Bequia, Saint Vincent & Grenadines