Yno 2H - Norleif
B.nr. 2H - Byggeår 1955. Rederi: Peder Rogne, Magnus og Bjarne Leine. Bygd ved Hatlø Verksted.
- Lengde: 73,2 fot (24,4 m)
- Bredde: 6,10 m
- Brutto tonnasje: 91 tonn
- Hovedmotor: Union
- Effekt: 150 Hk
- Skipstype: Fiskebåt
Andre skipsnamn "Leinefisk", Leinefisk Senior",
"Pastan"
Skipshistorie
1963 Ny 3-sylindret motor
2T Wichmann dieselmotor på 300 Hk, 350 rpm.
1966 Båten vart vrak etter grunnstøyting ved Sula fyr i Fosna. Heile styrbord
side ble øydelagt under opphaldet på havbotnen. Båten vart berga av Ødegaard
Berging i Ålesund etter å ha blitt fylt med skumplast og slept inn til
Skarbøvika med sterk slagside. Same året kjøpte Arnt Leinebø og Ivar Leine
båten av Ødegaard, og døypte den om til "Leinefisk". Prisen var 48.000
NOK. Smevik Mek. fekk jobben med å reparere og forlenge båten til 93,6 fot og
bygge den om til linefiske. Ny motor vart også montert, det var en 450 Hk
Wichmann.
1977 Båten forandra namn til "Leinefisk Senior".
1978 Andreas, Paul og Steinar Bendal kjøpte båten og døpte han om til
"Pastan". Dei dreiv linefiske med båten nokre år, til den grunnstøtte
5. februar 1982 og sokk ved Herøyterminalen i Herøy. Med det vi veit, ligg den
framleis der. "Norleif" vart altså 27 år gammel og endte sine dager
ikkje langt frå verftet der den vart bygd.