Yno 24H - Helenia
B.nr. 24H - Byggeår 1966. Rederi: A/B Adviser, Göteborg. Bygd ved Hatlø Verksted.
- Lengde: 75,00 m
- Breidde: 10,63 m
- Brutto tonnasje: 499 tonn
- Dødvekt: 1200 tonn
- Fart: 13 knop
- Hovedmotor: MaK Effekt: 1400 Hk
- Skipstype: Palleskip m/sideport
- Andre skipsnamn "Iris", "Fjellbris", "Svennøy", "Svennøy I", "Ringfjell"
HISTORIE:
1969 Seld til Bergenske Dampskipsselskap og fekk nytt namn "Iris".
1984 Seld til Fjell Shipping og fekk namnet "Fjellbris".
1989 Seld til Arnt Slotvik og fekk namnet "Svennøy".
1990 Skipet fekk slagside ved avgang fra Florø, kantra og sokk, tok inn sjø
gjennom sideporten. Heva av Ødegaard og slept inn til Ålesund.
1993 Ny reparasjon i Kristiansund etter grunnstøyting.
1994 Seld til Miraflora Shipping, Panama og omdøypt til "Svennøy I".
1995 Seld til Kystverket AS, Rørvik og fekk nytt namn "Ringfjell".
1995 Båten kantra og sokk ved kai i Knarrevik, også denne gongen tok den inn
sjø gjennom sideporten. Båten er no fjerna frå kaia og kondemnert.
IMO 6602331
Dette skipet fekk ei dramatisk historie.