Yno 186 - Dynamic Installer

B.nr. 186 - Byggeår 1984. Rederi: Dynamic Installer S.A. Bygd ved Ulstein Hatlø A/S avd. Ulstein. Gudmor: Mareelle Maari.

Yno-186-Dynamic-Installer.jpg#asset:3903
  • Lengde: 84,0 m
  • Bredde: 18,8 m
  • Brutto tonnasje: 3204 tonn
  • Dødvekt: 2100 tonn
  • Skipstype: Dykkerskip / Supply Vessel
  • Skipsdesign: UT 705 II
  • Andre skipsnamn: "Oceanic Installer"

HISTORIE:
Skipet var det første som vart bygd i høghallen på Ulstein. Det vart bygd i modular som vart transporterte til beddingen. Starten på modulsamansettinga i høghallen, den såkalla 'kjølstrekken', var 11. mai 1983. Starten av bygginga på bedding var 25. august 1983.
Under byggetida blei båten ombygd til dykkeskip. Det vart montert helikopterdekk over styrehuset. Ei 125-tonns kran vart også montert i tillegg til dykkeutstyr.

2004: Båten seglar no under Bahamas-flagg og høyrer heime i Nassau, og eigar er SBM Installer S.A. i Monaco
2012: Nytt namn "Oceanic Installer"
2017: Fortsatt aktiv - IMO 8224494. Eigar er Dulam International, Dubai, UAE. Drivarselskapet er Integrated Marine Services, Dubai, Dei Sameinte Arabiske Emirata.
Flagg: Nassau, Bahamas