Yno 16H - Møringen
B.nr. 16H - Byggeår 1962. Rederi: Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Bygd ved Hatlø Verksted. Gudmor: Haldis Rønstad
- Lengde: 46,30 m
- Breidde: 9,44 m
- Brutto tonnasje: 524 tonn
- Fart: 12,5 knop
- Hovedmotor: Deutz, 2 stk.
- Effekt: 1240 Hk tot.
- Skipstype: Bil/passasjerferge
- Antal passasjerar: 399 stk.
- Antal bilar: 30 stk.
Andre skipsnamn: "Bequia Express III"
HISTORIE:
1962 Ferga vart sett inn på strekningen "Ålesund - Hareid" som
erstatning for sjøbussen "Hjørungavåg" som vart seld. Den trafikkerte
strekninga i 10 år. Seinare vart det nokre år på Moldefjorden og om sommarane
gjekk ferga fast på strekninga "Hellesylt - Geiranger".
1970 Ferga var den første i MRF som fekk montert løftebaug.
1984 Ferga vart fullstendig ombygd ved Myklebust Mek.
1986 Skifta begge hovedmotorane. Tot. 1340 Hk, 13 knops fart. Den gjekk inn i rute 21: "Austnes -
Kjerstad - Skjelten".
1995 Kolliderte kl 0600 den 31.07. i Haramsfjorden med cruise- skipet
"Calypso" fra Barbados. Ingen vart skadd, men det var nære på. Det
vart berre mindre skader på begge skip.
1997 Ferga grunnstøtte ved Kjerstad fergekai. Grunnen var svikt i
reverseringen. Den kom av grunnen ved eigen maskin.
2007: Nytt namn "Bequia Express III"
2013 I Karibien
2016: Fortsatt aktiv - IMO 8866280. Eigar og driverselskap er Bequia Express, Bequia, Saint Vincent & Grenadines