Yno 162 - Stad Troll
B.nr. 162 - Byggeår 1979. Skipstype: UT 705 PSV Rederi: Sameiget Stad Troll v/K/S Mithassel & Co. og K/S Ivaran Offshore Transport, Oslo. Verft: Ulstein Hatlø A/S avd. Ulstein. Skrogverft: Molde Verft A/S.
- Lengde: 80,77 m
- Breidde: 18,00 m
- Brutto tonnasje: 1539 tonn
- Dødvekt: 2500 tonn
- Fart: 15 knop
- Hovudmotorar: 2 stk. Nohab Polar Diesel, totalt 4600 Hk
- Skipstype: Forsyningsskip
- Skipsdesign: UT 705
- Andre skipsnamn: "Straathfarrar", "Boa Trader", "Havila Trader", "Bourbon Trader", "Ios Jumbo", "Sea Jumbo"
HISTORIE:
Skroget vart bygd ved Molde Verft AS i si heilheit og slept til avd.
Ulstein 6. mars 1979 for utrusting. Båten vart døypt ved Molde Verft 12. mai
1979 ved gudmor Janne Stranger-Johannesen, og overlevert frå Ulstein 18. mai.
1986 Ombygd til dykkarskip med heli-dekk.
1987 Flagga ut til Nassau, Bahamas med same eigar.
1988 Båten overført til Aberdeen, Scotland og skifta namn til
"Straathfarrar".
1989 Seld til Strath Shipping, Aberdeen.
1996 Seld til Boa Ltd. Trondheim. Båten skifta namn til "Boa Trader"
og blei registrert på Cayman Islands.
1998 Ny eigar Havila Supply AS i Fosnavåg og fekk nytt namn "Havila
Trader".
2003: Nytt namn "Bourbon Trader"
2004: Nytt namn "Ios Jumbo"
2012: Nytt namn "Sea Jumbo"
2017: Fortsatt aktiv - IMO 7725946. Eigar og driverselskap er Hind Offshore, Mumbai, India. Flagg: Mumbai, India.