Yno 12U - Rovdehorn
B.nr. 12U - Byggeår 1958. Rederi: Møre og Romsdals Fylkesbåtar (MRF). Bygd ved Ulstein Mek. Verksted A/S
- Lengde: 23,18 m
- Bredde: 6,80 m
- Brutto tonnasje: 95,61 tonn
- Fart: 10 knop
- Hovedmotorar: Volvo Penta, 2 stk. på 120 Hk, totalt 240 Hk
- Skipstype: Bil/passasjerferge
- Antal passasjerar: 195 stk.
- Antal bilar: 11 stk.
- Andre skipsnamn: "Moder'n Horten", "Moder'n"
HISTORIE:
Denne båten blei tidlig utrusta, sjøsett, oppstarta og gjekk til kai ved eigen
maskin.
1958 Kontrahert av Fredrikstad-Hvaler Dampskip-selskap, og skulle heite
"Tangen II" eller "Hvaler-Tangen".
1958 (juni) Ved levering måtte rederiet gi opp avdi finansieringa ikkje var i
orden. Verftet tok ferja tilbake.
1958 (juli) MRF kjøpte ferja og sette ho inn i ruta "Aukra - Sundsbø -
Hollingsholm". Gjekk her frå 1958 til 1964.
1965 (august) Utleigd 1 måned til Shetland, for at dei skulle vinne erfaring
med norske ferjetypar.
1965-72 Innsett i ruta "Larsnes - Voksa - Kvamsøy - Stadlandet".
1972 Skifta hovedmotorane.
1978 Lagt opp som reserveferje. Den hadde då gått ruter over heile fylket.
1983 (04.10) Seld til P/R Rovdehorn, Åndalsnes.
1985 Seld til AS Traust, Hammerfest.
1985 (09.09.) Seld til Ludvik Paulsen. Bilsentral AS Hammerfest. Skifta namn
til "Moder'n Horten", brukt til charterturar på Oslofjorden.
1993 Seld til Helgeroa Fergetrafikk og fekk namnet "Moder'n".
2022 Ligg ute for sal