Kvalitet i Ulstein

Løysingane våre gjer det mogleg for skipseigarar, operatørar og kontraktørar å oppnå varig konkurranseevne i sine maritime operasjonar.

Halde tritt

Maritime operasjonar er komplekse og globale. Standardane for effektivitet, sikkerheit og eit grønt ansvar er i stadig endring. Noko som tidlegare var godkjent prosedyre, er no ikkje lenger tillate. Vi tek ansvar for å halde oss og kundane oppdaterte, slik at produkta er i samsvar med dagens krav og med krav ein veit kjem i framtida.

Som ein global og innovativ leverandør innanfor maritime operasjonar, tilbyr vi kost-effektive, sikre og pålitelege produkt og tenester til aktørar som tenkjer heilheitleg og på lang sikt.







Kostnader i produktet si levetid

Kosteffektivitet som heng saman med drivstofforbruk og forbruk av andre ressursar er viktig for naturmiljøet og også for kundane våre. Mindre nedetid som følgje av vedlikehald eller anna arbeid er også viktig. Eit fartøy frå oss skaper verdiar og kostnadseffektivitet gjennom heile levetida si.

Ein langsiktig partnar

Ein viktig del av eit kvart prosjekt er å halde seg til avtalt leveringstid, kvalitet og pris. Leveringspresisjon er essensielt for skipseigarar og andre aktørar som skal ha skip, utstyr og tenester. ULSTEIN er ein partnar som leverer rett kvalitet til rett tid.

Sikkerheit

Ulukker kan forårsake skade hos mannskapet, forurensing eller skade på skip, utstyr og system. Sikkerheit og naturmiljøet er ikkje berre av etisk karakter, men har også å gjere med risikostyring. For oss er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som er sikre og som ikkje skadar miljøet.